Tilbake til alle arrangementer

Nettverkssamling: Synlegheit og vertskap

  • Årdal Teknologipark 5 Verksvegen Øvre Årdal, Vestland, 6884 Norway (kart)

Velkomne til ny nettverkssamling i Årdal Teknologipark.

Me inviterer til ei lærerik ettermiddagssamling før det store innrykket i sommarsesongen. På samlinga vil me sjå nærare på korleis de kan styrke digitale plattformer for besøkande og vidareutvikle vertskapsrolla, for å skape stoppeffekt og gode opplevingar.

Denne samlinga er for deg som:
• Ønsker å bli meir synleg digitalt.
• Arbeider med kundar og som møter turistar og besøkande i kvardagen.
• Vil halde deg oppdatert på konkrete prosjekt og initiativ i bygda.

Program
• Optimalisering av digitale plattformer /Sander Bjørkum Øvstetun:
- Turistar sitt KI-bruk, vere betre synleg på nett, google kart, sosiale medium m.m.

• Vertskapsrolla /Torunn Todal Laberg:
- Kva er godt vertskap, tips og hjelpemiddel i møte med turistar og kundar.

• Turistkontoret:
- Informasjon om kontoret og kva turistane lurer på.

Nettverkssamlinga er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse, Sitep og Årdal Teknologipark. Det er eit sosialt og uformelt møtepunkt med fagleg påfyll, og ein møteplass for nettverksbygging på tvers av bransjar i regionen.

Siste frist for påmelding er 15. juni.
Det blir servert kaffi og kaffimat - alt du treng å gjere er å melde deg på via skjemaet her:
https://event.checkin.no/223260/nettverkslunsj-16-juni

Forrige
Forrige
15. april

Nettverkslunsj - utvikling og omstilling i Årdal