Det blir studiesenter i Sogn!

På fredag kom nyhenda som vi har venta i spenning på -
det blir studiesenter i Sogn med base i Årdal Teknologipark!


Sogn Kompetansesenter (Sogn Kompetanse) skal bruka pengane på ordningar som gjer at folk ulike stader i Sogn kan ta utdanningsløp gjennom høgskular og universitet frå der ein bur.

– Me skal gjera det så attraktivt som mogleg å ta slike utdanningar, og viss det tyder at me må leggja til rette for klasseromsundervisning i Årdal, Lærdal, Aurland eller andre stader i Sogn så må me me gjera det. Difor er dette kjempeviktig for oss i regionen, seier styreleiar i Sogn kompetansesenter, Thomas Norheim Moen.

- Årdal Utvikling har ein langsiktig kompetansestrategi, og Sogn kompetansesenter er ein viktig aktør i teknologiparken. Historisk har me i Årdal hatt industrifagskule der ufaglærte kan ta fagbrev, i tillegg ønskjer me å løfta tilboda til eit høgare nivå, altså høgskule- og universitetsnivå, seier dagleg leiar i Årdal Utvikling, Geir Hansen.

Les meir om bevilgninga på 2 millionar årleg i Sogn Avis: https://lnkd.in/dtfZHFQ4

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Nytt masterprogram “Flexindøk”

Neste
Neste

Næringsminister Vestre på besøk