Tusen takk for ei fantastisk Teknologiveka 2025!

Ei veka fylt med inspirasjon, kunnskap og nye idear er over – og me sit igjen både stolte og takksame. Seks dagar med spennande foredrag, gode samtalar og møte mellom forskarar, gründerar, politikarar, næringslivsaktørar, industrien og verkemiddelapparatet.

Tusen takk til alle sponsorar, samarbeidspartnarar, støttespelarar og foredragshaldarar som gjer dette mogleg. Dykkar bidrag betyr enormt mykje for oss, for Årdal – og for heile regionen. Teknologiveka er blitt ein viktig møteplass som løftar fram innovasjon, samarbeid og framtidsretta løysingar.

Takk for besøket til alle 10.-klassingane som tok turen! De er framtida, og me håpar de reiste heim med nye inntrykk og inspirasjon.

Til alle som deltok, lytta, delte og engasjerte seg: Tusen takk for besøket!

Me gler oss allereie til Teknologiveka 2026!

Bilde frå årets arrangement kan du sjå her!

Forrige
Forrige

Årdal Teknologipark søkjer dagleg leiar

Neste
Neste

Årdal godt representert på Grøn Region Vestland si årlege hub-samling!