Vertskap for Vestlandsforsking

Det er tydeleg at Sogn og Vestland fylkeskommune har god nytte av at teknologi- og utviklingsmiljøet i Årdal blir tettare kopla på Vestlandsforsking 👏

Årdal Teknologipark var vertskap for deler av Vestlandsforsking sin instituttsamling i Sogn forrige veke. Vi samla representantar og verksemder i Årdal som arbeidar innan teknologiutvikling, utfordringar og muligheitar i det grøne skiftet, klimaomstilling og industriell symbiose.
Veksemdene presenterte arbeida sine og vi fikk meir informasjon om aktuelle forskingsprosjekt hjå Vestlandsforsking.

Dagen vart avslutta med diskusjonsgrupper/workshop om korleis Grøn HUB Årdal Teknologipark og Vestlandsforsking kan samarbeide innan teknologi/digitalisering, klimaomstilling, sirkulærøkonomi og industriell symbiose.

Samlinga var særs vellukka som bileta frå dagen i Årdal Teknologipark med #teknologibygda Årdal som badar i sol, vitnar om.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Gründerkveld med stor suksess

Neste
Neste

Sommaravslutning i teknologiparken