Frå praksisplass til dagleg leiar for teknologiselskap i Årdal

Yuliia Bondar er dagleg leiar i selskapet Vivatec, som i dag har to tilsette. Ho kom til Årdal frå Ukraina i september 2023, saman med mannen sin og sonen på tre år.

Yegor og Yuliia i Vivatec.

Vi held fram med å dele resultata frå samarbeidet mellom SITEP og NAV flyktningtenesta i Årdal og Sogn.

Yuliia har mastergradutdanning i økonomi og fleire års arbeidserfaring som rekneskapsførar. I tillegg er ho sjølvlært innan programmering, og arbeidde som programmerar i Ukraina då familien måtte flykte frå krigen.

Korleis kom du i kontakt med SITEP?
– I september, då vi skulle starte på introduksjonsprogrammet i kommunen, var eg i dialog med Charlotte Skarsbø frå flyktningtenesta. Eg ønskte heller å finne arbeid, sidan eg har gode engelskkunnskapar, fortel Yuliia.

Sidan målet med introduksjonsprogrammet er å kome ut i arbeid, organiserte Charlotte eit møte mellom Frank Øvstetun i SITEP og Yuliia i oktober 2023. Frank var positiv, og ho byrja i praksis. Her brukte Yuliia brukte tida til å lære seg eit nytt programmeringsspråk, Python.

Korleis blei Vivatec til?
– Frank såg potensialet i å etablere eit selskap som tilbyr programmeringsløysingar for industrien, fortel Yuliia. I desember 2023 starta vi prosessen med å registrere selskapet Vivatec i Brønnøysund, og ved starten av 2024 var alt på plass.

I Vivatec er Yuliia dagleg leiar med ansvar for det administrative, i tillegg til å utvikle nye programvareprodukt. Selskapet har som mål å utvikle avanserte kamerabaserte løysingar for kvalitetskontroll i industrien. Formålet er å erstatte manuelt arbeid, avdekkje og minimere feil i produksjonsliner, og i større grad automatisere produksjonen.

SITEP sine tilsette er gode støttespelarar og fungerer som rådgjevarar for Yuliia og Vivatec.
– Frank si støtte er svært viktig og avgjerande for selskapet. Han er ivrig etter å dele erfaringane sine og gi råd for at dette skal bli ein suksess, seier ho.

Vivatec er eit oppstartsselskap som har søkt om økonomisk støtte for å satse vidare på produktutvikling. Dei finansielle bidraga kjem frå Innovasjon Norge, Sparebank Vest, Biomidlar og Årdal Utvikling, i tillegg til lønstilskot frå NAV i ein periode.

Fleire tilsette i Vivatec
Våren 2025 blei Yegor Bondar, svoger og elektronikkingeniør, tilsett i selskapet. Han arbeider primært med hardwareutvikling og designar løysingar frå botn av. Dette har gitt selskapet nye moglegheiter.

Framtida til Vivatec
– Framover skal vi vidareutvikle prosjektet i nye fasar, noko vi veit vil ta tid. Arbeidet med tre ulike programvaresystem, og å få desse til å kommunisere godt saman, krev fleire testar og forsøk, forklarar Yuliia.

– Vi har også eit nytt prosjekt vi etter kvart skal starte på. No er det viktigaste å sikre finansiering, slik at vi kan vidareutvikle oss og stabilisere drifta for å trygge arbeidsplassane våre i framtida, avsluttar ho.

Følg oss vidare for å bli betre kjend med eit nytt selskap som har vakse ut av samarbeidet mellom SITEP og NAV.

Neste
Neste

Fotballtrøyefredag