Frå arbeidstrening til jobb: saman for suksess

Sidan 2020 har SITEP hatt eit tett og målretta samarbeid med Flyktningtenesta i Sogn om arbeidstrening for flyktningar. Målet er klart: å gi fleire ein veg inn i arbeidslivet, og på sikt bidra til nye, berekraftige arbeidsplassar i Årdal.

Cecilie (SITEP), Yulia , Oleksii, Charlotte (Flyktningtenesta), Andrii, Frank (SITEP), Alf Einar (SITEP).

Nyleg blei samarbeidet markert med kake i Årdal Teknologipark, etter særs gode resultat. For majoriteten av deltakarane har arbeidstreninga hos SITEP resultert i ordinært arbeid.

Charlotte Skarsbø, flyktningkonsulent i Årdal kommune, rosar samarbeidet og trekkjer spesielt fram dagleg leiar i SITEP, Frank Øvstetun, som ein viktig pådrivar.

– Frank har eit genuint ønskje om å bidra til arbeidstrening for flyktningar og samstundes skape nye arbeidsplassar. Det som er ekstra spesielt, er evna hans til å sjå moglegheiter overalt, og at han gir dei involverte eigarskap til prosjekta. Det betyr mykje for dei som er i arbeidstrening, fortel Skarsbø.

Så langt har ni kandidatar vore i arbeidstrening gjennom dette samarbeidet, og per i dag har åtte gått vidare frå arbeidstrening til jobb.

Dialogen mellom SITEP, NAV og Flyktningtenesta er tett og kontinuerleg. Frank tek jamleg kontakt for å undersøkje om det finst kandidatar med relevant kompetanse til konkrete prosjekt. Samstundes tek Flyktningtenesta kontakt når språk- og kompetansekartlegging er på plass, for å sjå på aktuelle moglegheiter hos SITEP.

Sjølve samarbeidet har røter tilbake til 2020, då den første av mange arbeidstreningar tok til.

Framover vil vi dele fleire av desse suksesshistoriene som har vakse fram gjennom godt samarbeid. Følg med for å lese historia om Yulia Bondar – og korleis ho, i samarbeid med SITEP og NAV, har skapt sin eigen arbeidsplass for seg sjølv og andre.

Neste
Neste

Studentar fekk oppleve Årdal sine grøne framtidsmoglegheiter