Studentar fekk oppleve Årdal sine grøne framtidsmoglegheiter
Kva skjer når studentar får oppleve industri, teknologi og natur på nært hald – med lokalsamfunnet og grøne løysingar som bindeledd?
Denne veka fekk studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) eit heilskapleg møte med Årdal og dei grøne framtidsmoglegheitene som ligg i samspel mellom industri, kompetanse, samfunn og natur. I lag med sentrale aktørar innan nærings- og samfunnsutvikling fekk vi vist fram breidda i Årdal og korleis samarbeid er avgjerande for å lukkast med strategisk utvikling i regionen.
Frå lokalhistorie til industri i praksis
Dagen starta ved sjøfronten og Klingenberg Resort, med ei innføring i Årdal si utvikling frå landbrukssamfunn til moderne industristad. Vidare fekk studentane kome tett på hjørnesteinsbedrifta Norsk Hydro, der graduate-ambassadørar delte erfaringar frå arbeid innan prosessindustri og teknologi.
I øvingsfabrikken i Årdal Teknologipark sto Sogn Opplæringskontor, saman med lærlingar, for praktiske stasjonar. Her fekk studentane oppleve korleis prosessstyring, produksjon og teknologi fungerer i praksis – og samanhengen mellom fagkompetanse og industriell verdiskaping.
Årdal som samfunn, kompetansestad og framtidig buplass
Ein sentral del av besøket handla om Årdal som samfunn og stad å leve. Årdal Utvikling og Sogn Kompetanse presenterte arbeidet med strategiske utviklingsplanar for Årdal og regionen, med særleg vekt på kompetansesatsing, studiesenter, gründerskap, tilflytting og framtidige moglegheiter.
To spor: natur, berekraft og grøn industri
Ettermiddagen vart delt i to parallelle spor, basert på studentane sine faglege interesser:
🌿 Nasjonalparkforvaltning og berekraft, med innsikt i forvalting, formidling og samspel mellom natur og samfunn ved Nasjonalparksenteret i Utladalen.
♻️ Grøn industri og overgangen frå tradisjonell industri til bio- og sirkulære løysingar, med fokus på utnytting av spillvarme, restenergi og nye verdikjeder. Dette inkluderte bedriftsbesøk hos Impec AS og FjordAlg AS.
Takk for samarbeid og engasjement
Vi rettar ei stor takk til Høgskulen på Vestlandet, ved John Torjus Eriksen og John O. H. Brekke, for initiativet til besøket – og ser fram til vidare samarbeid i 2027.
Takk òg til alle samarbeidspartnarar og bidragsytarar som gjorde dagen mogleg, og ikkje minst til engasjerte studentar som stilte gode spørsmål og viste stor interesse for Årdal si framtid.