Årdal Teknologi- og Næringspark
Vi skal legge til rette for ny industri og næring i Årdal gjennom bygg, areal, infrastruktur og teknologi, samt koordinere og støtte samarbeid mellom eksisterande og nye aktørar i Årdal og regionen.
Våre eigarar er Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding. I saman sikrar vi trygg tilrettelegging for industri- og næringsutvikling i Årdal med ei veksande eigedomsportefølje.
Selskapet arbeider tett og koordinert saman med Årdal Utvikling og Sitep, med eit felles mål om å sikre eit meir robust næringsliv i kommunen. Arbeidet vårt er forankra i det lokale næringslivet og vi er ein pådrivar for samarbeid og etablering.
Her har vi samla eit mangfald av kompetansebedrifter innan eit vidt spekter av fagområde, alt frå gründerbedrifter som produserer alger til Hydro sitt senter for forsking- og
teknologiutvikling innan aluminiumsproduksjon.
Årdal Teknologi- og Næringspark (ÅTN) er eit aksjeselskap etablert første gong i 2018 gjennom Årdal Utvikling.
Selskapet utvikla Årdal Teknologipark-miljøet med finansiering frå Årdal kommune og Vestland fylkeskommune. Selskapet har utvikla seg vidare gjennom ein emisjon 01.08.2025 med Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding som medeigarar med kvart sitt bygg som tingsinnskot i selskapet.
Per 01.06.2026 består ÅTN av følgjande bygningsmasse; Årdal Teknologipark, Hydrobygget og Energihuset. Her er det samla eit mangfold av kompetansebedrifter med unik kompetanse innan eit vidt spekter av fagområde.
Styret
-

Geir Hansen
Dagleg leiar Årdal Utvikling
-

Thor Oscar Bolstad
Tidl. Dagleg leiar Herøya Industripark
-

Jan Stian Smedegård
Konsernsjef Årdal Energi Holding
-

Anveig Bjordal Halkjelsvik
Fabrikksjef Hydro Årdal