Dette er et mikroskop som er brukt til å studere prøver i et laboratorium.

FjordAlg

FjordAlg AS vart skipa i 2016 av gründer og noverande CEO Gabriel Ossenkamp. Etter ei lengre tid i industrien starta han eit firma tufta på ei tru om at mikroalgar kan bidra til berekraftig produksjon av mat og næringsmiddel. Ambisjonen vår er å gjere det rosa i laksen grønt.

For tida fokuserer bedrifta på produksjon av naturleg astaxanthin. Til dette nyttar vi mikroalgen Haematococcus lacustris. Denne arten blir ofte rapportert å innehalde opp til 5 % astaxanthin. Astaxanthin kan nyttast i helsekost og som fôringrediens for oppdrettsfisk.

Vi er no i ein fase der det arbeidast med å starte fabrikk i Årdal.